I går reiste me ein gjeng på Wavehouse San Diego. Dar ha dei flust i fasilitetar, men me var kun interessert i ein ting: Bølgene!
PS: Ny info nederst.Her e han Olav forsiktig på veg inn i bølga ein av sine første gonger.

Først ut var ein time med opplæring på ei mindre bølga. Dar heiv me oss utpå med bodyboards og vart sopt oppatt av den kraftige straumen. Eg fekk da ikkje te i da heila tatt. Etter ein halvtime fekk me prøva oss på nokre prokkande små utgåver av wakeboards som gjekk betydeleg betre. Sidan me har bakgrunn frå snowboard og lite vetta surfing gjekk da temmeleg bra. Guttaboys frå OC va iallefall imponert.
Thomas midt i galskapen. (Vann)-vittig!

Deretter hadde me to timar framfor oss med leik i
Bruticus Maximus dar alt va tre gangar so stort. Eg trur eg prøvde bodyboard ti gonger før han Vladimir klarte å læra meg ke eg skulle gjera. Han hadde 3-4 tips til meg, men då eg låg uti dar hadde eg ikkje sjangs om å tenka på meir enn ein ting om gangen. Satan so eg tryna. Gang på gang.
Her e han Stef på veg inn i tønna. To sec seinare va han vaska opp på land.

Etterkvart som ein samla tankane og fekk styr på lemmane gjekk det fint. Berre so det er sagt, det er ikkje so lett som det ser ut som. Når ein står oppreist er det som å stå på eit pittelite snowboard, bånn måk ned ein stupbratt bakke. Ein liten sving med feil vinkel på brettet og so ligg ein dar. Faceplant!

Bildene e litt mørke fordi fotografen vår (damao te Stef) stod so sinnsjukt langt vekke.

Her e ein video av han Vladimir på bodyboard. Ein av dei tidlege rundane dar han ikkje drog nokre triks. Neste gang..
Ein halvtime før da stengte tryna han Olav stygt og mista brettet i bølga. I da han vart vaska på land kom brettet susande bak han og traff han i hove. Da heile endte med at han måtte på sjukehus og stifta hove i samen. Huden sprakk i ei 4cm lang flenga. Da kosta han $1500!! Med ein dollarkurs på over 7 snakka mi om ti tusen norske kroner!
Han Ivan seie at da samma skjedde med Tony Hawk då han kutta opp kneet sitt for nokre år sidan. Olav og Tony ha tryna miserabelt på samme plassen. Respekt!