lørdag 27. september 2008

Skule schmule!



Nok om skule. Mi ha tilbragt denna dagen i poolen. Etter ein god frukost med bacon og egg og litt seriar knota me litt med laptopen. Det gjekk heller dårleg og i 3 tida var det for varmt. Han Ivan fekk ein lys idé og plasserte eit bord ved hekken over bassenget og dermed kunne me hoppa derifrå.



Då han Richard kom vart eg litt redd for at han skulle klikka og kjefta på slik uansvarleg ungdom. Tvert imot! Han tykte dette var ein framifrå idé og heiv seg med. Gamlingen på 47 hadde jo knapt klaring frå bassengkanten. Men lika blid.



Her e video av han Ivan som hoppa. 1,95 høg og 100kg tung frosk. Ein dødeleg kombinasjon i eit basseng. Mannen kan da å laga plask.

Skulearbeid - eit hittil ukjent fenomen.


I elecrical engineering faga er dei heilt galne og pøsar på med lekser. "Små" oppgåvesett som me har ein veka på å gjera. Og det klarar me på ei veka. Men oppatt på har me assignments i computer science faga. Store innleveringar som me har ein månad på å gjera. Slikt blir det trøbbel av når ein ikkje begynnar å programmera før det har gått tre veker. Men no jobbar me jamnt og trutt. Er på skulen midt på dagen men sit ellers heime og jobbar. Det er ikkje lett å jobba heile tida med den utsikta me har.

Eller når det sit ein ekstremt høglytt amerikanar bak oss i sofaen og kommenterar Chargers sine siste merittar: "GUYS! HEY GUYS!! YOU GOTTA COME TAKE A LOOK AT THIS, IT'S CRAZY!!".

I skumringa blir det heller dårleg med konsentrasjon.

I går var det fredag og me la bøkene på hylla utpå kvelden og grilla i staden. Jentene frå nabohuset kom ned og tok med seg vener.

Kameraet mitt var M.I.A. ein periode av kvelden og då eg fann det att var det ein heil serie med bilder av desse damene. Artig. Dei ser veldig store ut med dei flaskene, men ikkje lat deg lura. Dei drikk nemleg "Coronitas", Corona i litt mindre flasker, eit produkt som er retta mot kvinner. Pff. Det burde jo blitt retta mot menn, med tanke på at ein ser ut som Hulken med ei slik flaske i handa.

Sjå sykkelen te han Asle. Feitaste styret aust for El Cajon.

tirsdag 23. september 2008

Gonna party like it's my birthday..


Og gjett om me gjorde! Fredagen reiste me til Fashion Valley på handlings og kjøpte finkle for å komma inn på klubbar downtown.
"Oh no, you've got to go downtown, George. It's all downtown. Just like the song says."

Nett som i Sex And The City va da ein ny klubb som hadde offisiell opning. Da såg øye glamorøst ut før folk vart dritings, men ca rundt o-eit-hundre-timar var alle lika dritings som på Scots(h)man. Og dar va nett lika mykje dansing. Å dansa swing te Estelle & Kanye ekje mykje glamorøst, samma faen kor fancy vest du ha på deg. Da va ein sliten og sveitt gjeng som heiv seg i taxi heim dan kvelden.

mandag 22. september 2008

Helg!


Med unntak av fredagen tok me det roleg heile helga. Det har vore overskya i byrjinga av dagen den siste veka og det blir ikkje skikkeleg varmt før kl 12 på dagen. Når det då var meldt skyfri himmel tok me helga fri og heiv oss i bassenget kvar dag. Frå morgon til kveld. Me kjøpte store flytemadrasser til bassenget og fann fleire måtar enn tenkeleg kan å ha det moro på. Her er nokre utdrag frå vårt vidgjetne repertoar.

Andre påfunn var: Madrass-surfing over bassenget, dansing på madrass, generell hopping på madrass, slossing på madrass, "kongen på madrassa", osb..

Sonja skjønnte ikkje opplegget heilt, men gjorde eit ærleg forsøk.

Sjølv skal eg ikkje sei noko, der eg flyg gjennom lufta som ein kobbe.

Alyssa va flinkast. Nett so ein sel i vatnet.

onsdag 17. september 2008

Surfing - på godt og vondt.


Sist veka va me på ny strond, Blacks Beach. Måtte traska ein stykke ned ei fjellsida for å komma dit, men da svarte seg. Kun nudistar, homofile og surfarar. Og ikkje minst; skyhøge bølger. Alt for høge for oss. Då da kom ei enorm bølga som kasta oss rundt, var eg og han Stian alt for nære kvarandre. Ho karva brettet mitt i trynet på han Stian. Men da gjekk bra med brettet altso, han Ivan fiksa da då me kom heim. Me fekk iallefall tatt nokre bilete imens me var der.



Detta e målet.

Jentene på veg uti. Dei giddakje kjøpa brett og leiger fortsatt foam-brett.

Ellers er me halvveges inn i første veka der me faktisk har gjort skulearbeid og byrjar å få ei forståing for kor vanskeleg dette blir. Me har tilbragt kvar kveld på skulen med 2 innleveringar i elektro. Når dei er ferdige har me 2 store oppgåver i Java-programmering som skal inn i slutten av september. Her møter me fleire problem:
1) Me har aldri jobba med Java.
2) Professorane kompilerar programma på ei enorm UNIX-maskin som køyrer Solaris OS. Derfor må me læra oss fleire UNIX-kommandoar for å bruke samme maskina som dei. Er jo som å gå tilbake til MS DOS.
3) Det er ikkje lagt opp til jobbing på skulen. Derfor må me læra oss alt på eiga hand. Sånn sett ligg HiB lysår framfor SDSU i enkel pedagogikk. Så gjenstår det å sja kva som er mest effektivt.

lørdag 13. september 2008

New assets.


Ha kjøpt både sykkel og surfebrett. Sykkelen e ein klassisk beachcruiser med bakoverbrems og ingen gir. Fine ballongdekk. Eg e øye glad i han.

Va sistemann som skaffa seg surfebrett so eg va litt stressa på da området. Brettet e smalt og vanskeleg å styra. Hakje klart å stå oppreist lenge på da. E noke heilt anna detta enn foam-bretti mi leigde i byrjingi. Trur forresten at da e litt lite/tynt. Når eg site på da har eg vatn opp te brystvortene.

Me har temmeleg mange strender å reisa på. Ocean Beach, Pacific Beach, La Jolla++. I byjinga var me på PB pga brettleige. Utruleg kaldt i vatnet dar i forhold te La Jolla. No e da La Jolla som gjeld. Når me vert flinkare skal me finna bedre strender for surfing. Pluss at bølgene vert større utover hausten.

onsdag 10. september 2008

Første keg-party

På laurdagen hadde nokre jenter i nabohuset spurt om dei kunne ha fest. Dei ville arrangera fest for internasjonale studentar og bruka eigendomen vår, sidan den er større og har basseng. Eg og han Asle hadde lenge drøymt om å kjøpa ei tønna med øl og satte draumen ut i live. $140 for 60
liter budweiser, to sekkar is og ca 200 redcups. På campus var det konsert med Pepper og Slightly Stoopid og etter ein kjapp visitt reiste eg heim til tønna mi. Der vart eg møtt av stappfullt hus og festen var tydlegvis i gang. Det var vel ca 50 stk innom den kvelden. Stova var konstant stappfull av folk i dasskø. Det var folk over alt. Rundt bassenget og på patioen. Gjestene hadde heldigvis tatt med seg eigne drikkevarer, derfor varte tønna til ca 2 am.



Dagen derpå låg me horisontalt heile dagen. Betillte pizza frå NY Giant Pizza og sjekka kor store pizza dei eigentleg kunne levera. Hadde navnet noko med The NY Giants å gjera eller hadde dei gigantiske kjøtlefser på menyen? Me fekk iallefall svar på det siste. Fy faen for ein pizza. Budet klarte ikkje å få han inn gjennom døra ein gang. Måtte ta han inn på diagonalen. Han varte eit par dagar.

mandag 8. september 2008

Bilder frå huset

Rommet mitt te venstre (da med parabolen på). Da ha berre ei dør, derfor lyt eg ut kvar gang eg ska inn i huset.

Gym'en vår.
Utsikt frå huset.
Og til slutt Mini, chihuahuaen vår. Rottehund.


fredag 5. september 2008

Campus









































































Utruleg dårleg
forsøk på å komibinera to bilder. Vakje detta eg tenkte på då eg tok biletet. Men du ser kelles da ser ut.

Me har allereie droppa to 500-fag og sit att med Electrical Engineering 410 og 420 og Computer Science 310 og 503. 500-faga er jammen meg vanskelege. Men med eit fag mindre har me no plenty av tid til å jobba med faga, eller reise på stranda. Til forandring frå HiB er det lassevis med damer på baugar og kantar. Dei er jo overalt. Til og med i dataklassane. Som Ivan ville ha sagt det: "Iz crazy man, iz sexy."

Behold: The El Cajon Wrangler!

Gutta boyz frå El Cajon ha kjøpt seg bil etter å ha blitt svindla for $3k på eBay. Dei valgte samme type bil som sist men denne gangen handla dei lokalt. Brent barn luktar svidd osb. Dei slit litt med 5. giret og seier dei klarar seg godt i 55mph på høgvegen. Eg har mine tvil. Dei har å halda seg i høgrefila.

torsdag 4. september 2008

Warm!!


Kanonheitt i dag. Richard sa da kom ei hetebyga no, og at da va typisk når skulen starta. Me gjekk heimatt frå skulen i 12 tida i 100F dvs 38C. Då me kom att hang eg alle dei gjønosveitte kledna mine på tørkesnora og hoppa rett i poolen. Låg dar eg eit par timar til me måtte på skulen att. Hadde skule att frå 16 til 19. Da siste faget me hadde gjekk rett yve hove på oss. Computer Science 530. Døme på avansert assemblyprogrammering i første timen. Mi sat berre og lo. Kjem mest sannsynleg til å droppa da faget. Då me kom heimatt steikte eg og han Asle 5 pounds med kjøttdeig og kokte ein kjele spaghetti. Trur da e rundt 2,4kg kjøt. Godt va da og. Pluss at mi ha middag i måro og. No ha me vå på Effins og drukke pils.

onsdag 3. september 2008

Første skuledag


Professorar i USA er pompøse douchebags som snakkar lågt og inn i armen sin. To av professorane i dag var av indisk opphav, noko som til tider høyrest øye moro ut. Eg sleit med å skjønna kva han sa då han spurte meg om korleis forventningar eg hadde til faget. Eg som ikkje ein gang visste kva faget heitte. Men eg tenkte som so at amerikanarane slit vel lika mykje dei og. Det viste seg fort at alle dei andre i rommet var indarar med akkurat lika gebrokken engelsk.
Ein anna rar ting er at klasseromma har AC og er fortreffelege å opphalde seg i. Med ein gang ein kjem ut er det på med solbriller og sporenstreks bort til næraste skugge. Slikt er ikkje ein sognatamp vand til.
I dag stod the fraturnities og sororities på som berre juling for å sikra seg nye aspirantar. Ein artig parringsdans rett og slett. "I-ate-a-pi" osv.
Campus er enormt. Lika stort som vik sentrum. Dei har eit tosifra antall eteri rundt om kring, inkludert eigen bar der folk kjøper seg pitchers og set seg å drikk før "class". Dette skulle Eric Camden ha likt å sett. Huff, seier eg og hyttar med neven her eg sit i sofaen bak huset og skular ut over Rolando Mesa.