onsdag 3. september 2008

Første skuledag


Professorar i USA er pompøse douchebags som snakkar lågt og inn i armen sin. To av professorane i dag var av indisk opphav, noko som til tider høyrest øye moro ut. Eg sleit med å skjønna kva han sa då han spurte meg om korleis forventningar eg hadde til faget. Eg som ikkje ein gang visste kva faget heitte. Men eg tenkte som so at amerikanarane slit vel lika mykje dei og. Det viste seg fort at alle dei andre i rommet var indarar med akkurat lika gebrokken engelsk.
Ein anna rar ting er at klasseromma har AC og er fortreffelege å opphalde seg i. Med ein gang ein kjem ut er det på med solbriller og sporenstreks bort til næraste skugge. Slikt er ikkje ein sognatamp vand til.
I dag stod the fraturnities og sororities på som berre juling for å sikra seg nye aspirantar. Ein artig parringsdans rett og slett. "I-ate-a-pi" osv.
Campus er enormt. Lika stort som vik sentrum. Dei har eit tosifra antall eteri rundt om kring, inkludert eigen bar der folk kjøper seg pitchers og set seg å drikk før "class". Dette skulle Eric Camden ha likt å sett. Huff, seier eg og hyttar med neven her eg sit i sofaen bak huset og skular ut over Rolando Mesa.

1 kommentar:

Brita sa...

So morro at du ha fått deg blogg! No må du legga ut massa bilder og slikt då..Kjekke surfekara;-)Høyrest morro ut på skulen altso. E da vanskeleg då? Alle dei andre utvekslingsstudentane frå India?