Den siste torsdagen i november startar amerikanarane si andre høgtid på hausten ved å kasta om seg med takksemd og kalkunkjøt. For somme er dette den største høgtida og er startskotet for juleførebuing rundt om i heile landet. Heldige som me er, vart me invitert opp til LA av bestemori hennar Alyssa for å feira med familien Johnson.


Asle fiksa presang te vertskapet, ei biletbok frå Lysefjorden. Midt i blinken spør du meg.

Alyssa med besteforeldri på faren si sida. Besten e 97 og bestao e 94. Foreldri te farfaren kom frå Flå i Telemark viss eg hugsar riktig. Han er stort sett både blind og døv men sat der og plystra på norske melodiar og okka seg på norsk. "Ja ja, aoff.."

På kjøkkenet var det fullt liv. Frå venstre: Tante, mormor og mor.


Syster og onkel i framgrunn. Broren Brett måtte legga seg nedpå etter middagen. "You only get this feeling once a year", som han sa. "Berre vent til jul" tenkte eg..

Alvorsomme samtalar og slektsgransking. Han Reidar og han Stian sat seg til å lesa igjennnom gamle brev, skrevne på dansk frå 1906. Her fekk dei lesa om jordskjelvet i San Fransisco og dei brutale hendingane som følgde. Kven som skreiv dei skal eg sjekka opp i og komma tilbake til.

Brødrene Johnson og svogeren Gary satte seg inn på tv-rommet og såg fotballkamp etter middagen. Klassisk.