Han Richard tok oss med til Mount Helix, eit lite fjell rett sør for El Cajon. Einvegskøyrd snirkelveg 4-5 gonger rundt fjellet før me var på toppen. Dar fann me eit amfi-teater på toppen og ei utsikt te å grina av. Iallefall i ein flat by som San Diego. Dar fekk me med oss solnedgangen og åt fiske-taco ved foten av fjellet då me kom nedatt.



Her kan ein skimta skyskraparar ved kysten. Me bur sånn ca midt i bilete. På austsida av dan haugen ved motorvegen.


Dette korset kan sjåast frå milevis vekke, og gjer derfor fjellet lett å finna. Eg vil no påstå at ein varde hadde gjort same nytten.

Richard kom plutseleg på at han hadde gløymt komfyren på heima. Doh!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar