tirsdag 9. desember 2008

Limotur te helvete

Fredagen reiste me downtown med klasse! Nei Brita, ikkje ein klassetur. With class.
Heile gjengen leigde Hummer H2 Limousine og fyllte han te randen med godtfolk. 20 stk og ei beura med drikkevarer. Når alle ska ut å pissa ørten gangar går det ein del tid rett i dass. Litt som Vik idrettslag sin minibuss som stoppar for å fylla bensin på Leikanger etter endt fotballkamp mot Syril. 13 snopesjuke gutar som skal bruka opp lommepengane sine. Ikkje faen om ein rekk den ferja.
Me hadde to timar på å komma oss te sentrum og alle lurte på ke me skulle ta oss til då me kom dit. Det vart med andre ord ingen problem. Me kom dit ti minutt før avtalt tid. Godt bedugga.
Summa summarum mysste eg kameraet mitt og kan derfor ikkje legga ut nokon bilete frå den kvelden, og heller ikkje bilder frå dei to siste vekene. Ikkje som eg har tatt iallefall.
No har eg tatt eit djupdykk i arkivet og funne bildene te han Stian som han tok for ei stund sia.



Her e meg, Thomas og han Stian på veg ned Garnet Avenue på kvar vår Segway. Eg tok faktisk detta bildet imens eg var i fart. So stabile e dei.



Då dei utvikla desse doningane trengte dei berre 3 gyroar for å halde dei oppe, men heiv inn to til for å vera sikre.
No ska da seiast at eg klarte å tryna 3 gonger, men ein av dei snudde eg meg etter ei dama og køyrde ut i sanden. So dan tel ikkje.



Tøffaren enn detta ekje mykje forsvarleg. Heldigvis går dei fort nok til å køyra frå alle damene som kasta seg etter oss..

Ingen kommentarer: