lørdag 27. september 2008

Skulearbeid - eit hittil ukjent fenomen.


I elecrical engineering faga er dei heilt galne og pøsar på med lekser. "Små" oppgåvesett som me har ein veka på å gjera. Og det klarar me på ei veka. Men oppatt på har me assignments i computer science faga. Store innleveringar som me har ein månad på å gjera. Slikt blir det trøbbel av når ein ikkje begynnar å programmera før det har gått tre veker. Men no jobbar me jamnt og trutt. Er på skulen midt på dagen men sit ellers heime og jobbar. Det er ikkje lett å jobba heile tida med den utsikta me har.

Eller når det sit ein ekstremt høglytt amerikanar bak oss i sofaen og kommenterar Chargers sine siste merittar: "GUYS! HEY GUYS!! YOU GOTTA COME TAKE A LOOK AT THIS, IT'S CRAZY!!".

I skumringa blir det heller dårleg med konsentrasjon.

I går var det fredag og me la bøkene på hylla utpå kvelden og grilla i staden. Jentene frå nabohuset kom ned og tok med seg vener.

Kameraet mitt var M.I.A. ein periode av kvelden og då eg fann det att var det ein heil serie med bilder av desse damene. Artig. Dei ser veldig store ut med dei flaskene, men ikkje lat deg lura. Dei drikk nemleg "Coronitas", Corona i litt mindre flasker, eit produkt som er retta mot kvinner. Pff. Det burde jo blitt retta mot menn, med tanke på at ein ser ut som Hulken med ei slik flaske i handa.

Sjå sykkelen te han Asle. Feitaste styret aust for El Cajon.

1 kommentar:

Genosha sa...

ke fan! Kul blogg, Heffernan kvifor har ikkje eg fått vite om denne????????? no er eg sur og grinete. Berre for det kan du godt nemna meg i bloggen din. Ha no for fan vore stasjonert i San Diego